Arkitektstudent Liva (25) vart utbrent – no har ho flytta i bil for å leve på studielån

Liva Barona har også fått seg ein romkamerat i vanen, den vesle kvalpen Lu.
Liva Barona har også fått seg ein romkamerat i vanen, den vesle kvalpen Lu. Foto: Bente Kjøllesdal
Artikkelen fortsetter under annonsen

Liva Barona flytta frå ei leilegheit på 107 kvadratmeter på Grünerløkka til ein van på 6 kvadratmeter som no står parkert i Åndalsnes. I januar køyrer ho mot Oslo for å plukke opp att studia.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

På denne tida i fjor budde Liva Barona (25) i ei leilegheit på 107 kvadratmeter midt på Grünerløkka i Oslo saman med veslebroren sin.

Ho hadde det romsleg og fint rundt seg, men heile studielånet gjekk vekk til husleige. Samstundes tæra kvardagen som fulltidsstudent med deltidsjobb på kropp og hovud.

– Etter tre år med arkitektstudium var eg ganske utbrent, og eg heldt på å skikkeleg møte veggen, fortel ho.

Etter å ha brukt all tida si på anten lesesalen, verkstaden eller på deltidsjobben, trong 25-åringen eit friår. Planen var å reise til Asia og Sør-Amerika, men i staden for har ho enda opp i Åndalsnes i Rauma kommune. Her bur ho i ein van ho har bygd om sjølv.

– Eg elskar det. Eg elskar kvar einaste dag, og vert så inspirert på kvardagsbasis, seier ho og smiler.

Vanen er parkert i Åndalsnes no, men i januar køyrer Liva Barona mot Oslo for å fullføre studia. Foto: Bente Kjøllesdal
Vanen er parkert i Åndalsnes no, men i januar køyrer Liva Barona mot Oslo for å fullføre studia. Foto: Bente Kjøllesdal

Vanlivet

Heilt sidan ho var 12 år gammal og såg YouTube-videoar av folk som bur i bil, har Barona drøymt om vanlivet. Det var noko ho skulle gjere ein gong i framtida, når ho hadde litt betre råd, når ho hadde teke sertifikat.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Men då ein kamerat kjøpte ein ferdigbygd van fekk ho ein smakebit på livsstilen, og plutseleg vart friåret til eit byggjeår.

25-åringen tråla gjennom Finn.no på leit etter den perfekte bilen. Dei billegaste var rustne og i dårleg stand, men så kom ho over ein Citroen Jumper i si prisklasse.

– Og så hadde eg ein van, då, seier Barona og ler.

I starten syntest familie og vennar at det var ein sprø idé, men dei var heller ikkje særleg overraska: «Det er typisk Liva, det.»

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
25-åringen er oppteken av at ein ikkje skal forsøple når ein campar: – Ein skal ta vare på naturen, og når ein dreg skal ein etterlate staden slik det såg ut når ein kom dit. Foto: Bente Kjøllesdal
25-åringen er oppteken av at ein ikkje skal forsøple når ein campar: – Ein skal ta vare på naturen, og når ein dreg skal ein etterlate staden slik det såg ut når ein kom dit. Foto: Bente Kjøllesdal

At det var i Åndalsnes i Rauma kommune Liva Barona skulle ende opp, er heller tilfeldig. 25-åringen reiste først til Latvia, der både foreldra og besteforeldra hennar framleis bur, men ho merka fort at ho sakna høge fjelltoppar:

– Så eg søkte berre opp dei beste stadane der du kan klatre i Noreg. Og så kom Åndalsnes opp.

Derfrå gjekk det slag-i-slag. Klatrebutikken Piteraq hadde ledig ei stilling, som Barona søkte på. Fem timar seinare hadde ho ny jobb, på ein plass ho aldri hadde vore før.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Bratt læringskurve

Som gryande arkitekt har Liva Barona eit litt betre utgangspunkt enn mange andre til å ta fatt på eit slikt byggeprosjekt. Ho har bygd tremodell etter tremodell, endå skalaen no vart mykje større. Ho trur likevel bilforvandlinga er noko dei fleste kan få til, om dei tek det steg for steg.

– Det har vore ei bratt læringskurve, utan tvil. Men eg har ein pappa som er snikkar, som hjelper mykje sjølv om han bur i Latvia. Så alle tips skjer gjennom telefonsamtalar, smiler Barona, som innrømmer at ho er litt handy av seg.

Vanprosjektet er òg noko Liva Barona tek med i porteføljen sin når ho er ferdigutdanna arkitekt: – Det er jo yrkesrelevant erfaring, for eg jobbar med treverk og eg trur eg vil arbeide med hytter og små bygg. Foto: Instagram @prosjekt.studentbolig
Vanprosjektet er òg noko Liva Barona tek med i porteføljen sin når ho er ferdigutdanna arkitekt: – Det er jo yrkesrelevant erfaring, for eg jobbar med treverk og eg trur eg vil arbeide med hytter og små bygg. Foto: Instagram @prosjekt.studentbolig

25-åringen har brukt fleirfaldige timar på internett for å søkje opp ulike tresortar og isolasjonstypar og sett tallause forklaringsvideoar på YouTube.

Mest stolt er ho av kjøkenskuffene sine – som har frontar frå same kryssfinerplata der ein kan følgje linjene i treet frå ei skuff til ei anna – og av at ho har fiksa straumen sjølv. Ho smiler frå øyre til øyre når ho trykkjer på lysbrytaren og lyslenkja i taket skin.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg tenkjer det er ikkje perfekt gjort, på ingen måte, men det kunne definitivt vore verre òg, seier Barona og ser seg rundt i bilen sin.

– Eg gjekk skikkeleg på veggen

Det har teke mange timar og mykje krefter å byggje om bilen, slik at ho kan bu i han på fulltid.

– Eg ikkje hadde peiling på arbeidsmengda som skulle til. Eg hadde tenkt at eg skulle vere ferdig på to månadar, no har eg halde på eit år og eg er framleis ikkje klar, seier Barona.

– Men ein har jo eit liv å leve ved sidan av, og ein kan ikkje bygge 24/7.

Men Barona er ikkje i tvil om at det er verd det, for no har ho det utruleg bra igjen. Når bilprosjektet slukte ho fullstendig opp, fekk ho etter kvart tilbake arkitekturgleda som hadde slokna litt i krysspresset frå studiekvardagen.

Barona peikar på at arkitektstudentar er blant studentane i landet som brukar aller mest tid på studiet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Sidan Barona er student har det vore viktig å få på plass ein skikkeleg studieplass. Middagsbordet kan verte drege ut, slik at ho får ein romsleg pult og slik at ho kan ha middagsgjester. Foto: Bente Kjøllesdal
Sidan Barona er student har det vore viktig å få på plass ein skikkeleg studieplass. Middagsbordet kan verte drege ut, slik at ho får ein romsleg pult og slik at ho kan ha middagsgjester. Foto: Bente Kjøllesdal

Ifølgje Studiebarometeret 2021 brukar arkitektstudentane i snitt 44,4 timar på studiet kvar einaste veke. Den einaste studentgruppa som brukar meir tid er odontologi-studentane med sine 45,8 timar.

– Det er mange som så å seie bur på skulen, seier Barona.

Ho fortel om eit stort press på å jobbe meir og meir, kjensla av å aldri verte ferdig, og at det er normalt å døgne før prosjektinnleveringar.

– Det funka ikkje for min del. Eg gjekk skikkeleg på veggen og hadde det ikkje bra på halvtanna år.

Endå ein med tida lærer seg å ta pausar og studere meir effektivt, så er faren stor for at ein som ny student jobbar seg i hel, meiner ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Første dag på studiet, fekk dei nystarta studentane beskjed om at det berre var å seie opp sidejobben, for studiekvardagen vert krevjande.

– Men korleis kan ein gjere det når ein får 8000kroner i studielån og ikkje har foreldre som kan støtte deg kvar månad? spør Barona.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Studentar lyt ha sidejobb for å ha råd til å studere

Ifølgje fjorårets Eurostudent-rapport er delen studentar som seier dei er avhengige av ein deltidsjobb ved sidan av studia høgare i Noreg, enn i dei fleste andre land. Heile 65 prosent av norske studentar seier dei lyt ha ein sidejobb for å ha råd til å studere.

Liknande tal var det òg i SSB si levekårsundersøking for studentar frå 2022. Undersøkinga synte at meir enn 6 av 10 heiltidsstudentar har jobb på si, og 55 prosent av desse oppgir at dei arbeider for å dekke naudsynte utgifter til mat og bustad. 46 prosent av studentane har ikkje råd til ei uføresett utgift på 20.000 kroner.

48 prosent har jobb fordi støtta frå Lånekassen ikkje strekker til.

– Kor mange tal må vi ha som seier at studentane sin økonomi påverkar heile studiesituasjonen? No er det nok, vi treng eit krafttak frå politikarane, vi treng at dei aukar studiestøtta, sa NSO-leiar Maika Godal Dam då SSB-tala vart kjende.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Norsk studentorganisasjon reknar med at studentar vil gå i minus med 5403 kroner kvar einaste månad, om dei berre har basisstøtte frå Lånekassen.

Samstundes held prisane i den norske bustadmarknaden fram med å stige.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Gratis studentbustad i Oslo

– Å bu i Oslo som student er ikkje billig, og det vert ikkje nok med studielån.Eg måtte ha ein sidejobb for å ha råd til å studere, til å bu og gjere det ein skal, seier Liva Barona.

Ho arbeidde deltid på Kiwi, som ho skildrar som ein relativt enkel, men fysisk slitsam jobb. Med alle timane som gjekk til å anten vere på høgskulen eller i butikken, så var der ingen timar att til å vere i naturen.

Å flytte inn i van vart løysinga for 25-åringen. Ho estimerer at ho til no har brukt kring 150.000 kroner på både bil og materiale, men trur ho kjem til å klare å halde det heile under 200.000 kroner. Sidan i fjor haust har kvar einaste løning har gått til Citroenen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg ser på det som ei investering, og det er jo billegare enn å kjøpe leilegheit! seier Barona.

Ho har ikkje måtta betale ei einaste husleigerekning sidan oktober i fjor, og når ho ein dag ikkje lenger vil bu i bilen kan ho selje han vidare.

– Eg har sjølvsagt utgifter til bilforsikring, og sidan dette er ein gammal van lyt han verte reparert innimellom, men sidan eg slepp leige har eg veldig trua på at eg kan overleve på berre studielån. I alle fall om eg får spart opp litt buffer på førehand.

Ho håpar på ein studiekvardag utan deltidsjobb, og der ho bur tilnærma gratis. Då kan ho heller bruke helgar på eventyr og undervisningsfri til studium med Jotunheimen som kontoromgjevnad.

Artikkelen fortsetter under annonsen

«Ah, no søv eg i senga eg har bygd sjølv»

Men det er ikkje berre berre å flytte frå drygt 100 kvadratmeter til 6.

– Eg måtte skalere ned mykje, men eg trur ikkje det er ein einaste ting eg har vorte kvitt som eg har hugsa og tenkt «skulle ynskje eg hadde den no», seier Barona.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ho peikar på at ein ofte gløymer kor mange ting ein faktisk har, men ikkje brukar.

Liva Barona set pris på matlaging, så det var viktig å få på plass rikeleg med krydder i vanen: – Men eg har nedskalert her òg. Eg hadde i alle fall 15 typar til heime, seier ho og ler. Foto: Bente Kjøllesdal
Liva Barona set pris på matlaging, så det var viktig å få på plass rikeleg med krydder i vanen: – Men eg har nedskalert her òg. Eg hadde i alle fall 15 typar til heime, seier ho og ler. Foto: Bente Kjøllesdal

Barona elskar friluftsliv og matlaging, og visste dermed at ho ville ha plass til både snowboard, steikeomn og pastamaskin i bilen. Kvar einaste kvadratmeter er utnytta.

Når Framtida.no møter 25-åringen, er bilen enno ikkje 100 prosent klar. Taket må framleis fiksast, nokre leidningar festast, og overflater må slipast og lakkerast. Men ho har allereie budd i sitt vesle krypinn i mange månadar.

– Hugsar du første natta i bilen?

– Det var heilt magisk, sjølv om det framleis var ein byggeplass! seier Liva og ler.

– Den kjensla av at «Ah, no bur eg i huset mitt. No søv eg i senga eg har bygd sjølv», ho var ganske morosam.

For dei som likar å leve enkelt

I januar set Liva Barona kursen mot Oslo igjen, for å ta opp att arkitekturstudiet på Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO). Ho veit om mogelege plassar å parkere husbilen sin gratis, og har i tillegg ei naudløysing i hagen til nokre familievennar på Nordstrand.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Arkitektstudenten er oppteken av alternative buformer og å bu lite. Foto: Bente Kjøllesdal
Arkitektstudenten er oppteken av alternative buformer og å bu lite. Foto: Bente Kjøllesdal

Ho har allereie budd ein vinter i bilen, og då utan straum og kjøken, så ho trur dei kaldaste månadane på Austlandet skal gå greitt.

I bilen har ho ein campingdo om ho treng han, og ho ser føre seg å kunne dusje på skulen, treningssenteret eller klatresenteret. Det einaste ho trur vert litt tungvint er klesvasken, men der har ho alliert seg med veslebror som framleis bur i leilegheit.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det vert kanskje litt krevjande i starten, men så elskar eg å vere i naturen, då, eg elskar å gå på tur og den enkle måten å leve på.

Om ein bur i van med liten plass og få ting, så vert ein løysingsorientert.

– Eg har ikkje lyst til å betale leige meir

Om nokon andre vil gjere som ho, rår Liva Barona dei til å først leige ein van ei veke eller to slik at dei veit litt meir kva kvardagen går ut på. Likar du å sysle med praktiske ting kan det vere eit alternativ å byggje om ein bil sjølv, men viss ikkje så finst der mange ferdigbygde vanar til sals.

Sjølv ser Liva Barona føre seg at ho skal bu i bil i lang tid enno.

Eg har ikkje lyst til å betale leige noko meir, så eg trur det vert til eg kjøper ei leilegheit eller ei billig tomt der eg kan parkere bilen og byrje å byggje ei lita hytte eller eit mikrohus. Det er eigentleg det neste prosjektet eg drøymer om.